Nidarosdomen i Trondheim skal 31. juli huse førestillinga «Olav fra Hat til Håp». Kristofer Hivju, verdskjent som Tormund Giantsbane i den populære serien Game of Thrones, har vore med på å utvikle manus. Ikkje overraskande finn vi også han i hovudrolla som Olav den heilage.

– Førestillinga handlar om Olav den heilage frå hans fødsel til hans død. Vi ynskjer å fortelje korleis Olav blei heilag, og ta med publikum på hans indre reise mellom det gamle heidenske og det nye siviliserte, forklarer Hivju.

Lokale krefter i sving

Med på laget har Kristofer Tor Sivertstøl og kona Gry Molvær Hivju. Saman med Hilde Nerland utgjer dei Tindefilm.

Molvær har ansvaret for scenografien til førestillinga, og Sivertstøl er filmfotograf for filmane som skal vere ein del av førestillinga.

– Filmane vi har laga går under genren kunstfilm. Det er ikkje store spektakulære naturbilde av Sunnmøre vi filmar. Det er heller meir abstrakte scener med mykje nærbilde, forklarer filmskaparen Sivertstøl.

I desse dagar gjer dei siste finpuss på filmane, og det gjer dei på Sunnmøre.

Sunnmørsposten møtte dei fredag på toppen av dragskaret på Larsnes.

Filmkulisser

– I førestillinga skal filmane visast på eit 16 meter høgt lerret. Dei blir såleis ein del av kulissane. Det skal vere med å skape eit slags psykologisk bilete av Olavs indre reise. Vi visar kva som skjer inne i han, utan at det skal bli for konkret, seier Molvær til Sunnmørsposten.

– Der teateret er utilstrekkeleg, kan filmen gå nærare på folk og skildre kva som går føre seg i hovudet til ein karakter, forklarer Kristofer.

Viktig historie

Dei tre forklarer at stykket skal spegle korleis Olav opplevde forandringane han sjølv gjekk gjennom, og dei endringane han ville gjere i Norge. Det er såleis eit stykke som handlar mest om Olav Haraldsons personlege reise.

– Olav starta prosessen som forandra landet vårt frå det brutale til det siviliserte. Han representerte eit paradigmeskifte. Såleis var han ein av dei viktigaste nordmennene i vår historie, seier Kristofer som gler seg til å ta fatt på rolla etter litt avslapping på Sunnmøre.

Stykket vert sett opp som ein del av Olavsfestdagane i Trondheim.