På ferjesambandet Volda-Folkestad er ein del av informasjonen om bord framleis på bokmål. Det gjeld særleg skilta.

Sjå bildeserie over.

Leiaren i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, reagerer. Han oppdaga nynorskmanglane i april i år med eigne auge, og klaga umiddelbart til Statens vegvesen og Språkrådet.

Vegvesenet skulda på kontrakt dei har laga sjølv

– Svaret eg har fått frå Statens vegvesen er ansvarsfråskrivande, meiner Hope.

«I dei ferjekontraktane som vi forvaltar, er det no ikkje sett krav til målform», skreiv Knut Nauste i Statens vegvesen.

Det er Vegvesenet sjølv som utformar kontraktane, noko Nauste sjølv bekreftar. Nauste peikar på årsaker til at det ikkje blir stilt krav om målform når kontraktar signerast med dei private ferjeselskapa.

– Selskapa kan selje eller rokere ferja. Medan ei ferje kan ha ei levetid på 40 år, gjeld ein slik kontrakt vanlegvis fem til ti år.

Språkrådet med klar tale

Språkrådet er statens rådgjevande organ i språkspørsmål. Dei svara Hope og Vegvesenet slik:

«Skilt skal følgje målvedtaket i kommunen dei står (...) For at ein skal vere sikker på at reiarlaga gjer det, må kravet gå fram av anbodsteksten frå Statens vegvesen», skreiv dei.

Kravet gjeld også dersom den eine kommunen er språkleg nøytral, slik som Ålesund. Altså skal samtlege ferjer på Sunnmøre og i Nordfjord ha all informasjon på nynorsk.

Ein prinsippsak

Hope ser på saka som prinsipielt viktig.

Nynorsk har om lag 600.000 brukarar, noko som er mykje samanlikna med fleirtalet av språka i verda. Likevel er bokmålet dominerande i Norge, påpeikar målungdomsleiaren.

– Nynorskbrukarane har rett på nynorsk i kvardagen, seier han.

Han meiner vi som bur i desse områda treng å sjå språket i bruk.

– I sum er det mange som nyttar ferjene og les informasjonen på skilta, seier Hope.

Han fortel at han har møtt andre som også har latt seg frustrere og provosere over å bli møtt med bokmål, midt i årestaden til nynorsken.

Han skreiv også: «det er viktig for tiltrua til det offentlege at staten følger sine eigne lover og forskrifter».

Mållova er også tydeleg på dette området, meiner Språkrådet. Det er no meir enn to år sidan Hope, som reagerte på bokmålsbruken om bord på ferja mellom Anda og Lote i Nordfjord.

Svaret frå vegavdelinga i Sogn og Fjordane var lite forpliktande:

«Vi tek med oss innspelet og vil bruke dette i arbeidet vårt med å betre bruken av korrekt skriftspråk», skreiv dei i svaret sitt til målungdomsleiaren.

Ønsker ei fleksibel tilnærming

Nauste seier at Vegvesenet lyttar til Språkrådet og tar innspela til etterretning. Han ønsker seg likevel ei fleksibel tilnærming til mållova på dette området.

– Ein del av skilta er nesten å rekne som ein del av sjølve ferja, og vanskelege å bytte, særleg med tanke på at den kan flyttast til andre område, seier han.

Elles er han einig i at flygeblad og liknande må vere på nynorsk.

– Kvifor har de ikkje svart på kravet om tidsplan?

– Det har tydelegvis vore ein del kluss i vekslingane. Her er det ting som må gripast fatt i etter ferien.

Det har no gått nesten tre og ein halv månad, sidan Hope klaga til Språkrådet og Vegvesenet.