– Boka handlar om John Kenton og Karoline Lund som møtes når John, frå Amerika, er i Norge for å oppfylle eit løfte til sin far om å drive eit hotell i eitt år. Etter kvart oppstår det romantikk mellom hovudpersonane, fortel Øverland til Sunnmørsposten.

Då forfattaren sende inn sitt førsteutkast av boka til ulike forlag for fleire år sidan var hovudhandlinga lagt til USA. Ifølge dei tilbakemeldingane ho fekk gjorde dette det vanskeleg å gi ut boka.

– Eg forstår at dei heller vil ha ein debutroman lagt til Norge, fortel Berit Øverland.

– Eg har også fått beskjed om at oppfølgerbøkene heller kan passe til å leggast til utlandet.

Derfor ligg det an til at bokas oppfølgjar, som Øverland no skriv på, blir lagt til USA og karakteren John Kentons ranch.

Støtte heimanfrå

Etter tilbakemeldingane frå forlaga var det ein stor jobb som stod framfor Øverland, som måtte skrive om handlinga i verket som ho hadde brukt så lang tid på. Dette vart ikkje gjort med ein gong, fortel ho:

– Først når mannen min begynte å presse på for å få ut boka, vart det tatt tak i og eg sende etter kvart inn eit nytt utkast, seier Øverland.

Like før jul fekk Øverland beskjeden om at Ventura Forlag ønska å gi ut boka, og eit halvt år seinare er utgivelsen eit faktum, fortel Øverland, som også fortel at ein kan følge ho og bokarbeidet på sosiale medium som Instagram og Pinterest.

Verdsinspirasjon

Berit Øverland kan fortelje at ho gjort fleire ting som har inspirert ho til forfattarskapet, og ho fortel frå ein gong ho var i Kina saman med amerikanske misjonærar:

– Då var det ein som sa at det er viktig å følgje draumane sine, og då innsåg eg at eg måtte gje boka ein sjanse til. I tillegg til inspirasjon frå det store utland i både øst og i vest er det fleire som har hjelpt Øverland dit ho er i dag. Blant anna har ho tatt fleire kurs ved Forfatterskolen, som tilbyr personleg oppfølging og rettleiing til forfattarar.

– Her har eg lært mykje, som det å skape heile karakterar som ikkje følast falske, fortel den ferske forfattardebutanten til Sunnmørsposten.