Han har allereie vore i Frankrike, Russland, Belgia i sommar, men i september reiser han til Australia og Vietnam.

– Det er flott. Eg har småturnert der før, så dette blir tredje tur, seier Bård Aasen Lødemel, som for tida er på Norgesturné.

Under DJ-namnet Skatebård har Lødemel besøkt Australia dei to siste åra. Lødemel fortel at det er meir merksemd rundt årets konsertar i landet «down-under». Årsaka er at konsertane er arrangert av ein av Australias største nettside innanfor DJ-ing.

– Det er stas. Eg er glad i Australia. Det er så langt unna at det nesten er som ein annan planet. Naturen er fin og folka er hyggelege. Eg har blitt kjent med personar der, og egg ler meg til å møte dei, seier Lødemel.

Trandalblues Feirar 10 år med lokale heltar Side Brok og Bokkereidars leverte eit heildundrandes show på Trandalblues. – Entusiastisk publikum

Etter at han har spelt i Sydney, Perth og Melbourne, skal han vidare til Vietnam for å spele i Hanoi og Saigon. Eit land han også tidlegare har besøkt.

– Det er ikkje så ulikt Europa. Det er veldig givande, det er eit entusiastisk publikum. Det er kjekt, seier han.

Begynte for moro skuld

Lødemel har heldt på med musikken sin i femten år, og det begynte på studentkroa i Volda.

– Det var berre for moro skuld. Der spelte eg alt mogleg av musikk på CD, kassett og vinyl. Eg tenkte ikkje at dette skulle bli ein jobb, fortel han.

No livnærer han seg på musikken sin, og tykkjer det er fint at musikken når langt ut. Han meiner at det er flinke agentar som gjer at musikken har blitt kjent i heile verda.

– Eg har stått på ei stund. Eg har vore blakk i femten år, så då er det greitt å endeleg få spele mykje. Mange har visst om meg. Eg har gitt ut plater i femten år, men det er først no det har blitt reising. Eg er mykje meir i utlandet no enn tidlegare. Så det er litt på gli, seier Lødemel.

Planen vidare for Skatebård er å fortsette i den bana han er i no.

– Eg skal prøve å få gitt ut ny musikk i ny og ne. Det gjer eg også, forklarar Lødemel.