«Kari-Anne på Røst» har premiere tysdag kveld på NRK 1. Og det blir i alt seks episodar, kvar på ein halv time, fortel Tor Sivertstøl, filmskaparen bak serien.

RAUDT Filmfotograf Tor Sivertstøl har storkosa seg i naturskjønne omgjevnader på Røst.

– Han har filma her oppe i lang tid, i alle årstider. Eg trur han har fanga inn mange flotte naturbilete, fine lys og fargar, seier Kari-Anne, som helst vil tone ned si eiga rolle i serien.

Det er mest kvardagen sin ho kjem til å dele med oss tv-sjåarar.

Gard og sjark

– Eg har kjøpt meg både ein gard og ein sjark. På garden har sauer. Eg reknar med å få 200 lam til våren. Og så driv eg sjarkfiske. Eg er mest aktiv på vinterfisket i februar/mars, fortel 36-åringen.

I fem år var ho styrar på museumsgarden Ytste-Skotet i Storfjorden.

– Det var ei katastrofe: Ikkje nokon sjølvfølge at Ytste Skotet skulle overleve

For fire år sidan sette ho seg i ein båt og drog til Røst. Sidan har ho vore her, og har ingen planar om å flytte.

– Eg stortrivst på Røst, og er blitt teken godt imot av lokalbefolkninga, fortel ho.

Røst ligg langt til havs. ca. 10 mil ut i havet vest for Bodø. Den vesle øykommunen har ca. 550 innbyggarar.

Skomvær Heilt ute på Skomvær har Kari-Anne Nilsen sauer gåande på beite. Lenger ut kan ein knapt kome.

– Det er ikkje så vanskeleg å kome seg hit. Vi har jo eigen flyplass. Medan ferja tek fire og ein halv time på turen frå Bodø og hit, brukar Widerøe berre 21 minutt på turen. Og dei flyg så å seie i all slags vêr.

– Gjer du også det?

– Ja, dersom flykapteinen meiner det er forsvarleg, så har ikkje eg noko problem med å bli med, seier Kari-Anne.

Det er med andre ord ei barsk jente Tor Sivertstøl i Tindefilm viser i denne serien, der ho lever i eit øysamfunn omgitt av spanande og flott natur.

Heider til filmfotograf Tor Sivertstøl: Vann Gullrutens fagpris

«Der ingen skulle tru»

– Eg vart kjend med Kari-Anne då eg var med på å filme «Der ingen skulle tru» frå Ytste-Skotet, fortel filmskaparen frå Sande.

– Så då ho flytta til Lofoten vart eg freista til å lage denne serien. Lofoten og Røst er jo eit eineståande landskap for ein kvar fotograf, seier Tor Sivertstøl.

– I første episode er vi faktisk heilt ute på Skomvær fyr, det ligg ca. 40 minutt med båt frå Røst. Då er ein langt ute i havet. Neste stopp er vel Island. Nokre av sauene til Kari-Anne går her ute på beite.

Sivertstøl synest Ørskog-jenta lever eit særs spanande liv ute på Røst og dette ønsker han no å dele med oss tv-sjåarar.

Skiftande lys

Han starta filminga i januar/februar i fjor, og har sidan filma i alle årstider og fanga opp det skiftande og fascinerande lyset der ute i havet.

FARGESPEL Nordlyset får verkeleg plass til å breie seg ut på nattehimmelen over Røst.

Kollega Rebekka Nedregotten Strand har vore med under redigeringsprosessen. Det er også ho som les kommentarane.

Kari-Anne Nilsen har altså skaffa seg både gard, sauer og sjark. Men har ho også funne seg ein nordlending?

– Det får du ikkje vite, kjem det kjapt frå sauebonden på Røst