– Det er lett å tenkje at homofile og lesbiske er vaksne personar, men dei skeive barna finst jo over alt. Eg håper å få fram at kjærleik kjennest likt ut same kven ein forelskar seg i. Eg vil ufarleggjere det å forelske seg i ein av same kjønn, slik Klara gjer i denne boka.

Det seier Linda Klakken om si aller første barnebok «Dumme, dumme hjarte» som kjem ut på Samlaget torsdag.

– Det er ei bok om vennskap, skulekvardag og den aller første store forelskinga, fortel forfattaren.

Eigen oppvekst

«Aldri før har publikum vore så stille i Parken Kulturhus.» Slik startar Linda Klakken boka om 12-åringen Klara som er elev ved Aspøy skole.

Gjennom hennar mange prosjekt og opplevingar buktar handlinga seg innom både klasserom, Ålesund bibliotek, Løvenvold kino og andre plassar i byen.

– Eg hadde lyst å skrive noko heimanfrå, frå eit miljø eg kjenner godt til. Dette er ei oppveksthistorie som er inspirert av personar eg har møtt og opplevingar eg har hatt i løpet av oppveksten i Ålesund. Eg håper at ingen tar det eg skriv ille opp, seier Linda Klakken som sjølv er oppvaksen på Åse og var elev ved Åse skole.

No er ho busett i Oslo saman med kona Kristin og dottera Ella.

Jakt på kjærleik

I «Dumme, dumme hjarte» får lesarane innblikk i Klara sitt prosjekt med å skaffe kjærast til faren Frode, får møte medelevar og læraren Purke som Klara kallar han, og får bli med på klassefest der det føregår kåring av dei mest populære rypene og typane i klassen.

– Klara lurer veldig på kva kjærleik er, og kven ho sjølv er forelska i. Svaret får ho når Marie byrjar i klassen hennar, fortel forfattaren.

– I diktsamlinga «Mamma, kone, slave» som du gav ut i 2013 var kjærleik mellom likekjønna også tema. Då skreiv du om vaksne og no er det barn som er hovudpersonane.

– Ja, i jobben ved eit skulebibliotek i Oslo er eg i kontakt med lesbiske og homofile barn og unge kvar dag. Eg synest det er fint å ha skrive ei bok der kjenslene deira blir anerkjent. Dessutan er eg oppteken av å få fram at kjærleik er kjærleik uansett om det gjeld personar av same kjønn eller ikkje. I denne historia er kjønn likegyldig, seier Linda Klakken som og har lagt vekt på å ufarleggjere temaet på ein lettbeint og morosam måte.

Første på nynorsk

Linda Klakken har tidlegare gitt ut tre diktbøker og ein reisedokumentar. Til no i si forfattarkarriere har ho skrive på bokmål, men barneboka «Dumme, dumme hjarte» har ho ført i penn på nynorsk.

– Kvifor har du skifta målføre?

– I jobben ved skulebiblioteket ser eg at det er færre barnebøker på nynorsk enn på bokmål, og eg har mange ein gong ynskt meg eit større utval nynorskbøker å tilby elevane som kjem for å låne bøker. Då eg oppdaga dette, tenkte eg: vi treng fleire nynorske bøker for barn. Dermed bestemte eg meg for å skrive denne barneboka på nynorsk, fortel Linda Klakken og legg til:

– No skal det seiast at barnebøkene på nynorsk som finst er kjempegode, og at nynorskforfattarane vi har er svært dyktige. Likevel skulle eg sett at fleire forfattarar skriv for barn på nynorsk. Barn er det beste publikummet, og dei fortener litteratur på begge målføre.