– Eg var ein av dei som vart intervjua av Julie Andem før sesong 3 av Skam, og kjente meg igjen i veldig mykje av historia, seier Håvard Bjørnerem.

Den 20 år gamle leiaren for studenttinget i Volda deltok måndag kveld på eit arrangement i Det Grøne Treet i Volda. Arrangementet sette fokus på det å leve som lesbisk, homofil, bifil og transperson på bygda. Bjørnerem delte av sine erfaringar frå oppveksten i Midsund til publikum.

Han fortalde mellom anna kor vanskeleg det var å halde legninga si skjult frå han fann ut at han var homofil i 7. klasse til han kom ut som 16-åring.

Redd for reaksjonar

På lik linje med Isak i suksess-serien Skam var Håvard redd for korleis folk rundt han skulle reagere på at han var skeiv. Men det gjekk bra for Håvard, slik det også gjorde for Isak i Skam.

Har opplevd fleire scener

– Eg snakka med Julie i tre og ein halv time og fortalde ho veldig mykje om mine erfaringar som ung homofil.

Då sesong tre var ferdig, såg Håvard den med litt andre auge enn dei fleste andre.

– Eg har opplevd å vere kjæraste med ein person med psykiske problem. Han vart på eit tidspunkt psykotisk, slik Even blir i Skam. Eg har òg opplevd scena der den eg er i hop med står rett framføre meg og kyssar med ei jente, slik Even også gjer i Skam. Dessutan har eg alltid vore guruen i veneflokken, den andre vil lette hjartet til og få råd av. Det omgrepet gjekk også igjen, personifisert gjennom karakteren Eskild.

Heilt vanlege folk

– Det blei slutt mellom oss. Difor var det med ein liten bismak at eg såg Isak og Even-sesongen.

Likevel, Håvard hyller Skam for det serien har betydd for homosaka.

– Det som er så bra med den sesongen er at den viser at homoar er heilt vanlege folk. Homofile gutar treng ikkje vere Jan Thomas-karakterar med feminine fakter og lys stemme. Dei kan vere normale gutar som er opptekne av normale guteting. Det viser Skam. Eg trur Skam har gitt håp og tru om at det kan gå bra å vere annleis til mange som går på ungdoms- og vidaregåande skule i dag.