Marit Eikemo (46) blir neste års festspeldiktar under Dei nynorske festspela i juni 2018. Eikemo er frå Odda, men bur i Bergen.

— Eg er glad og entusiastisk over oppdraget. Eg hamnar med dette i eit strålande selskap av nynorskforfattarar som har hatt den rolla før meg, seier Marit Eikemo i ei pressemelding frå Ivar Aasen-tunet.

Norge i dag

Eikemo har vore forfattar sidan 1999, då ho debuterte med intervjuboka «Her, no. Møte med unge menneske». Sidan har det kome ei essaysamling og fire romanar. I den siste romanen «Alt inkludert» frå 2015 speler marknadskanalen finn.no ei sentral rolle.

Her teikner Eikemo eit tydeleg og vittig portrett av Norge i dag og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd, nedlest av ting, på evig jakt etter meir.

Jubileumsår

Eikemo ønskjer å nytte høvet som festpseldiktar til å framheve andre forfattarar også, og gjennom oppdraget bidra til å vise noko av breidda i den nynorske skriftkulturen i dag. I 2018 vil forlaget Det Norske Samlaget fylle 150 år, og det blir feira 200-årsjubileum for diktaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje.

Allsidig bakgrunn

Eikemo har vore journalist i Bergens Tidende, redaktør for Syn og Segn, informasjonssjef for Festspillene i Bergen og kunstnarleg leiar for festivalen Litteratursymposiet i Odda. Tidlegare i haust fekk ho Amalie Skram-prisen. Prisen går til ein kvinneleg, skjønnlitterær forfattar som skriv i «Amalie Skrams ånd».

— Som Skram vil ho forstå, men ikkje stille seg til dommar. For dei som verkeleg forstår, kan ikkje dømme, stod det i grunngjevinga til juryen.