– I kveld blomstra både glade amatørar og profesjonelle på, under og bak scena, seier ein oppglødd dirigent Michael Pavelich etter premieren på operaen Sildagapet i Operahuset Nordfjord onsdag kveld.

Nær 460 personar fekk med seg premieren, ifølgje ei pressemelding frå Opera Nordfjord.

Historie med lokal forankring

Premieren var nesten heilt utseld, noko som det er ein del år sidan skjedde sist. Ei historie med lokal forankring og der så mange på scena kjem frå nærområda, skapar ekstra engasjement.

– Vi håpar publikum er like nøgde med kvelden som vi er og at dei som framleis ikkje har bestemt seg for å gå, no vil kjøpe seg billettar og bli med oss tilbake til 50-talet, heiter det i pressemeldinga.

Nesten alle frå regionen

Handlinga i sildeoperaen er dedikert til heile kysten langs Vestlandet og bygdene nær Eid.

– Som ein liten og lokal opera i Sogn og Fjordane er det og vår oppgåve å tilføre operakunsten nye verk innanfor våre rammer. Det meiner vi at vi har lukkast med gjennom Sildagapet. Det er ein prestasjon å produsere og formidle ei historie som denne, der nesten alle involverte er frå regionen, på dette nivået, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Lokal komponist og librettist

Ifølgje pressemeldinga blei det sjølvsagt ein ekstra spennande kveld for dei to som har skrive operaen.

Komponist Helge Sunde og librettist Jostein Avdem Fretland har følgt øvingane den siste veka og har vore spente på tilbakemeldinga frå publikummet hjå Opera Nordfjord.

– Kvelden i kveld har vore ei stor oppleving. Det er ikkje mange forunt å sjå sitt eige verk bli presentert på ein så flott måte som her i kveld. Ekstra stas er det jo sjølvsagt at musikken og historia fell i smak hjå publikum, seier Jostein og Helge i pressemeldinga.

Operaen har til saman åtte framsyningar med Sildagapet dei neste vekene, fram til og med 15. oktober.