– Besøket dette første driftsåret har vore kjempebra, og over all forventning. Både sommar og vinter har det ikkje vore ein einast dag utan at det er folk innom for å kjøpe seg mat, sjå på kunst og nyte naturen, seier dagleg leiar Anniken Aakvik.

Det var 7. oktober i fjor at dronninga opna det nybygde fyr og opplevingssenteret. Utover i 2016, og til no i 2017 har det vore fleire besøkstoppar.

– Før opning anslo vi eit årleg besøk på 70-80.000 gjestar. Tal frå første år med heilårsope senter vise at vi har hatt 50.000 fleire gjestar enn det. Det langt meir enn eg hadde håpa på, seier dagleg leiar som allereie i februar kunne glede seg over rekordomsetning med rundt 900 besøkjande på ein vanleg søndag.

– Det skjedde ikkje noko anna her då enn at det var fint ver. Og i påska hadde vi heile 5000 gjestar frå skjærtorsdag til første påskedag. Utruleg bra, meiner Aakvik som hadde venta at den nye besøkssenteret kom til å trekke mykje folk, men ikkje så mange så raskt.

Ho fortel at utanom turistsesongen er det flest folk ved besøkssenteret laurdag og søndag,

– Men heile veka gjennom er det bra med folk her. Det viser seg at måndag kan vere ein like god besøksdag som fredag. Folk kjem hit for å oppleve senteret og naturen på Alnes både i som og regn, fortel Anniken Aakvik og viser til ein folksam kafe på ein regntung onsdag i haustferien. Då sit det barn og vaksne kring nesten kvart bord i kafeen.

Besøk frå Røros.

– Vi har tatt turen til Alnes fordi det er vakkert her ute uansett kva slags ver det er. Fint å spasere ein tur først, og så drikke kaffi i kafeen. Det er flott å sitje her å kikke på havet og naturen gjennom dei store vindauga, seier Gunnhild Ødegård Thorsen som bur i Ålesund saman med sin tyske ektemann. Ho har tatt med seg foreldra sine, som bur på Røros, og dei to små sønene sine til Alnes denne dagen.

– Når vi har besøk av familie og venner tar vi dei med til Alnes for å vise dei både naturen og dei nye opplevingssenteret. Det er spesielt her ute, meiner Gunnhild som set pris på at senteret har ope kvar dag.

– Vi som bur inne i landet, set pris på å kome hit ut til kysten. Dessutan er det spanande å sjå kunsten som blir vist i galleriet her. Det er nye bilete å sjå kvar gong eg er her, skyt Tove Ødegård inn.

Bra med utleige

Det ikkje berre er talet på besøkjande dagleg leiar er nøgd med Det same gjeld utleige av lokale til selskap, kurs og konferansar.

– Vi har mellom tre og fem grupper her kvar einaste veke. Det er kjempebra med tanke på at vi ikkje har hatt tid til å selje inn utleigetilbodet vårt, meiner Aakvik som fortel at no er det servering av hausttapas, middagar i samband med skipsdåp og julebord som står for tur. Anniken Aakvik merkar og at dei skiftande kunstutstillingane i galleriet dreg folk til Alnes.

Båttur på kjøpet

– No i november startar utbetringsarbeidet på Godøytunnelen og dei andre undersjøiske tunnelane. Korleis kjem tunnelstenginga til å påverke besøkssenteret?

– Vi reknar med at besøket kjem til å gå litt ned, men vi håper at folk ser det eksotiske i å ta båt og buss hit i staden for å køyre sjølv. Transportilbodet når tunnelane er stengde, bli bra, så det kjem ikkje til å by på problem å kome seg til Alnes, meiner Anniken Aakvik og legg til:

– Folk få ein rett og slett ein båttur på kjøpet. Det håper vi skal trekke nye publikumsgrupper til Alnes fyr og besøkssenter.

opning: Det var Dronning Sonja som opna Alnes fyr og opplevelsessenter 7. oktober 2016. Arkivfoto: Nils Harald Ånstad Foto: Nils Harald Ånstad
Når Gunnhild Ødegård Thorsen har besøk av vener og familie tek ho dei ofte med til Alnes. Her er ho saman med foreldra sine Tove Ødegård og Thorleif Thorsen og sønene Finn og Per. Foto: Staale Wattø