Då freden kom var Ragnar Ulstein leiar for Operasjon Siskin i Sogn og Fjordane. Oppgåva hans var å etablere ein heimestyrke som kunne sikre aluminiumsverket i Høyanger og det nye verket i Årdal mot sabotasje frå tyskarane i det dei trakk seg ut av landet. Alt dagen før den offisielle freden 8. mai hadde Ulstein iført seg Linge-uniforma, og tyskarane reiste utan å løyse eit skot. 16. mai tok Ragnar Ulstein drosje frå Sogn og heilt heim att til Ulsteinvik.

Han såg seg nok ferdig med krigen, men så skulle Linge-kompaniet skrive historia si, og Ragnar Ulstein vart hovudforfattaren.

Det la nok grunnlaget for den viktigaste delen av livsverket hans, forteljingane om motstandskampen basert på tusenvis av intervju med dei som deltok, og ikkje minst kampen for å sikre rettane deira etter krigen.

Det var dei små og store heltane sine forteljingar som vart grunnmuren i det som skulle bli Ragnar Ulstein sin historiske innsats. Det vart kjeldenær historie som knapt kan gjerast betre.

Grundig innføring

Det er ei grundig innføring i dette livsverket Gunnar Myklebust gir oss i denne boka, og lesarane blir kjende med nye sider av Ragnar Ulstein sin innsats.

Ikkje minst er det artig å lese om barndomen og ungdommen hans. Han var motstandsmann då også, ivrig og debattglad som vi kjenner han att frå både EU-kamp og kampen for å berge matjorda.

Han kom seg på gymnaset i Volda ved at ein slektning kausjonerte for eit lån på 2.000 kroner, og på eit folkemøte i Volda hausten 1939 stod han opp og tala Englands sak og siterte Churchill. Han var då sikker på at Europa var på veg til ein ny krig

Falskt legitimasjonskort for «Fredrik Lied» (Ragnar Ulstein).

Saman med 12 andre unge frå Ulstein stal dei ein båt og kom seg over til Shetland, og i London møtte han Martin Linge som ville ha han med i kompaniet sitt. Det var ikkje nei i Ragnar Ulstein sin munn.

Alt 2. juledag i 1941 var han med på det som er blitt kalla Lofotraidet, og han var lei seg fordi dei vart kalla tilbake utan å få utretta noko særleg. Heimkomne til Scapa Flow fekk dei meldinga om at Martin Linge hadde blitt drepen i Måløy-raidet. Det var eit tungt slag.

Vart ikkje løyst eit skot

Ragnar Ulstein fekk utdanning som radiotelegrafist, og vart sendt på eit åtte månaders propagandakurs. Han meiner sjølv det kom til nytte både i yrket som journalist, og også som historikar. Sogn og Fjordane skulle bli operasjonsområdet hans, først i Nordfjord der han var med på fleire mislykka operasjonar med å feste såkalla «limpets» (sprengladningar) på tyske skip som søkte nattely i fjordane nord for Florø.

Hovudinnsatsen vart likevel å vere leiar for etablering og opplæring av ein heimefrontstyrke i Sogn. Han var heldig og fekk verva dei to fremste «høvdingane» i Sogn, brukseigarane Hans Heiberg og Nils Knagenhjelm. Både flyslepp og båtar sytte for at dei fekk våpen og utstyr til 1.000 mann, og ein base vart etablert i Frønning-skogen på sørsida av Sognefjorden. Det var nære på fleire gongar, men dei greidde oppgåva si. Fredsdagen 8. mai kom utan at eit skot vart løyst, og tyskarane reiste sin veg.

Medhjelparar Dei kanskje viktigaste hjelparane under etablering av ein heimestyrke i midtre og indre Sogn var dei to brukseigarane Hans Heiberg og Nils Knagenhjelm. Her er Ragnar Ulstein på besøk i Frønningeskogen saman med dei, Heiberg i midten og Knagenhjelm til høgre.

I Linge-kompaniet var dei samde om at innsatsen deira under krigen måtte skrivast ned og bli gitt ut i bokform. Inntektene skulle gå til familiane etter dei 57 Linge-karane som hadde falle under krigen. Ragnar Ulstein vart peika ut til å vere hovudansvarleg for boka, og han fekk med seg Per Ratvik og Erling Jensen. Linge-karane var samde om at ingen skulle skrive bok om innsatsen sin før fellesboka hadde kome ut, men den lovnaden braut Max Manus. Han hadde bruk for pengar, og to bøker fekk han ut før fellesboka kom i 1948.

Imens vart Ragnar Ulstein ei stund velferdssjef i Tysklandsbrigaden, og han fekk oppleve det sundbomba Tyskland. Han var oppgitt over moralen i Tysklandsbrigaden og at det var for mykje fyll.

Journalist og skribent

I tre år var han så redaktør i Fjordabladet på Nordfjordeid, før han vart redaktør i Filmavisen. Han vart også god venn med Wenche Foss, eit vennskap som varte så lenge ho levde. Det var gjennom Ulstein ho fekk så godt tak på sunnmørsdialekten.

Linge-soldatane fekk ha våpena sine etter heimkomsten. Ragnar Ulstein har alltid etterpå hatt pistolen sin og stengunen sin forskriftsmessig innelåst.

I august 1951 møtte han Jenny Mine frå Arendal. Ho var sju år yngre enn han, men det vart kjærleik ved første blikk, og dei gifte seg før jul det året.

I 1954 tok han til som journalist og leiarskribent i «Bergens Tidende», og ikkje minst der skulle han legge ned ein formidabel innsats for å kjempe for dei krigsskadde, dei traumatiserte og dei som ikkje fekk den hjelpa dei hadde krav på. Han fortalde deira historier, og etter mykje strev fekk dei skipa foreininga Krigsinvalidenes Venner. Suksessen vart sikra ved at dei fekk Milorg-sjefen og den tidlegare forsvarsministeren, Jens Chr. Hauge, som leiar.

Ulstein laga også fleire TV-program om krigsinvalidane som skaka nasjonen, og i 1965 fekk han Hirschfeldprisen for journalistikken sin om krigsveteranane. I 1967 var det 3.000 som fekk krigspensjon. I 1970 var det 12.000. Etter alt påtrykket så støvsuga Rikstrygdeverket landet etter krigsinvalidar. Ein 13 års lang kamp førte i 1968 til at alle med minst seks månaders krigsteneste og som hadde skade av det, skulle få pensjon.

Intervjua 1.300 motstandsfolk

Så starta Ragnar Ulstein det som skulle bli kanskje den viktigaste delen av livsverket hans. Innsamlinga av og publiseringa av historiene til dei som var med i motstandskampen. Gjennom tre tiår reiste han land og strand rundt og intervjua dei som hadde vore med i båtane over Nordsjøen, dei som vart losa over svenskegrensa, og dei som hadde sete på holmar og fjelltoppar og telegrafert over havet om den tyske skipstrafikken. 1300 intervju vart det, og eit arkiv på tusenvis av namn og historier.

I 1972 vart han statsstipendiat, og fekk ei tryggare inntekt, og så fullførte han arbeidet med å skrive om Etterretningstenesta i Norge. Han skreiv MRF-historia, Sunnmørsposten si 100 års historie, han skreiv om Olivin, og ikkje minst krigshistoria til Giske, «Småsamfunn i storkrig» som kom i 1980.

Boka om jødedeportasjonane, «Jøder på flukt» kom i 1995, og til slutt skreiv han boka om heimbygda Ulstein under krigen: «Lagunen og stormen» i 1999, då nærma han seg 80 år.

Snakk om livsverk!