Fleire tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) har vore med på sogeskrivinga. Mellom anna høgskulelektor Harald J. Krøvel og førsteamanuensis Harald Endre Tafjord. Dei to har skrive det første bandet i soga, som kjem med i alt fire band.

Starten på arbeidet var i 2011, og sjølve skrivearbeida vart fullførte i 2016. Resten er det historikarar ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane) som førte i pennen.

Også Hege Roll-Hansen frå Høgskulen i Sørøstnorge har skrive. I tillegg til sjølve skribentane har sentrale personar frå Høgskulen i Volda som Arnfinn Kjelland, Atle Døssland og Hans Jacob Orning (no UiO) vore med i ei referansegruppe.