Der møtte dei som vanleg song og musikk, men også revy og diktopplesing. Denne gongen fekk dei i tillegg ein heimvendt nobelprisvinnar på talarstolen.

Det skal vere noko for alle på den store festdagen på Hareidstemna.

Generasjonane kjem saman, sjølv om det kanskje er dominert av dei eldre, men programmet var variert.

Hareid kommune fyller 100 år i år, og identitet går som ein raud tråd gjennom kvelden og vert krona med at Hareid historielag tok i mot Hareidprisen dette året for det arbeidet dei har gjort.

Nobelprisvinnar kom heim

Årets stemnetalar var hareidingen Edvard Moser. Gjennom banebrytande forsking er han rette mannen som kan fortelje noko om å kome heim. Ikkje metaforisk, men reint konkret, om korleis hjernen lagrar informasjon om korleis vi orienterer oss i eit landskap for å finne vegen fram dit vi skal.

Men som han seier sjølv så er det alltid spesielt å kome heim att, for da møter ein seg sjølv.

Sjølv om han berre budde heime til han fullførte vidaregåande, var det på Hareid at svolten på kunnskap og forsking starta.

Moser har på mange måtar nådd så langt som det går an å komme med tanke på karriere, men Stemnefesten har invitert mange talent som enda ikkje har nådd så langt.

Felles for alle deltakarar er at dei har ei lokal tilknyting og den kunstnariske variasjonen er stor.

Det heile startar med utdrag frå eit samarbeid i mellom Hareid musikk- og kulturskule og Hareid ungdomsskule. Med overskrifta «Fortid vert framtid», blir vi plassert i kontekst med framføringa av «Vestlandet».

Ein skal kjenne til, vite og setje pris på den plassen ein er ifrå, er bodskapen.

Korsong og unge talent

Korsongen og alle kora står sterkt på Hareidlandet. Saman klarer dei å stille med opera, salmar, tradisjonelle folkeviser og moderne pop, og på den måten vert det ikkje kjedeleg på nokon måte.

Kjedeleg blir det heller ikkje når Mette Holstad dreg sine «One woman show» der ho introduserer stretchbunaden, eller nyttar figuren Donald Trump til å setje dei interne utfordringane på Hareid på dagsorden.

Innanfor den klassiske sjangeren fekk vi Louise Engeseth og Olav Egge Brandal. Engeseth kjenner fleire frå tv og Norske Talenter.

På Hareid framførte ho mellom anna «Solveigs song», slik ho som ho gjorde i den tv-sende konkurransen.

Pianisten Brandal har kome litt lengre i skoleringa og er i gang med masterutdanning ved musikkhøgskulen. Begge er og har vore knytt til Griegakademiet i Bergen.

Kjærleik

Rapparen Bjørn Tore Øvrelid alias «Birdie» fekk publikum til å halde takta, der han fortel sine historier om livet, og om identitet.

Kjærleiken som han rappar om finn vi også i stemnekunsten denne gongen.

Biletkunstar Bente Sellevoll legg kjærleiken til kysten og til familien inn i sine bilete. Lag på lag vert bileta bygd opp, så når programleiar Anne Holstad og Sellevoll sit og snakkar saman om kunst, vert heile kunsttolkinga forståeleg for dei som følgjer med.

Dei som ikkje klarte å følge denne hadde ikkje noko val når Kaja Rode, ulsteinvikjenta som no er med i The Voice gjekk på scena.

Med si tolking av Beyoncé sin «Listen» sat ein att med den same begeistringa som dommarane i tv-programmet. For dei som ikkje kom seg på Stemnefesten denne gongen kan dei få med seg Rode i duell på fredag.