Maria Parr frå Vanylven er nominert til Brageprisen i kategorien barne- og ungdomsbøker.

I hennar nye bok «Keeperen og havet» skaper Maria Parr eit litterært univers som er både tidlaust, universelt og godt å vende tilbake til, skriv juryen.

Dei tre andre som er nominert til prisen er: Helene Guåker: «Sveiseblink». Mari Kanstad Johnsen: «ABC». Hilde Matre Larsen og Mari Kanstad Johnsen: «Gutt og Jente later som».

Brageprisen blir også tildelt i kategoriane lyrikk, sakprosa og skjønnlitteratur. Knut Ødegård frå Molde er nominert med lyrikkboka «Tida er inne». Sjå oversikt over alle nominerte her (ekstern side). Prisane blir delt ut 21. november.

«Keeperen og havet» er også nominert til Bokhandlerprisen.