Åtte songarar gjekk to og to i duell fredag kveld.

Elise Nærø valde å framføre David Guetta-hiten «When love takes over», og slo ut Magnus Bokn i sin duell.

- Eg veit du har slite med både stemme og sjukdom, men det merkast ikkje her. Du leverer låten akkurat slik du skal gjere, og det var dødskult å høyre på, sa mentor Martin «Danielle» Bjercke under live-sendinga.

No står det igjen åtte deltakarar i songkonkurransen, og Elise Nærø (29) frå Fosnavåg og Andrea Santiago Stønjum (16) frå Måløy er altså blant dei.

Santiago Stønjum framførte «Songbird» av Eva Cassidy.

Fire fredagar framover vil deltakarane bli ein mindre for kvar gong.

Finalen går 9.desember, der møtest fire finalistar.