Onsdag startar Egil Olsen ein omfattande norgesturné med besøk i Trondheim. Allereie dagen etter, torsdag, kjem han til Ålesund og Teaterfabrikken.

– Det er noko heilt spesielt med Teaterfabrikken. Der er det avslappa og magisk. Eg trur det er noko med veggane - og med Astrid, seier Egil, og meiner sjølvsagt Astrid Overaa, som driv Teaterfabrikken.

Kjærleik

Under turneen i november kjem Egil til å spele mest frå den nye plata si, "You and me against the world". Dette er eit album som handlar om å vere stolt og takknemleg over eit langt forhold. Plata er ein hyllest til kjærleiken.

På albumet går samlivet til kona Karen som ein raud tråd gjennom tekstane. Dei to har vore i lag over halve livet og trefte kvarandre på heimstaden Ørsta. No bur dei i lag i eit hus på Nesodden i Oslo.

Rocka

Albumet som Egil gav ut denne gongen er det mest rocka han har gitt ut til no.

– Eg hadde lyst til å prøve det. Dessutan, eg og Karen har blitt foreldre. Med ein snart treåring i hus må ein lage litt høg musikk for å overdøyve alle andre lydar, ler Egil.

Albumet har fått særs god mottaking.

– Det er kjekt med fine meldingar. Eg lagar ikkje akkurat VG-listetoppmusikk, så då er det fint å få stadfesting på at det ein gjer er bra.

Åleine

Konsertane han skal gjere i november blir likevel noko nedtona.

– Tidlegare i haust hadde eg konsertar med to andre musikarar, men no blir det berre meg. Då blir lydbildet litt annleis enn det er i eit studio eller med fleire andre på scena. Eg lovar likevel nokre tøffe gitarriff, seier Egil, og legg til:

– Og så blir det nokre betraktningar frå scena mellom låtane. Slik eg brukar å gjere.

25. november spelar Egil Olsen i Åndalsnes og dagen etter, 26. november, i Dalsfjorden.