– Som ei reise både musikalsk og menneskeleg. Desse tjue åra har knadd oss skikkeleg saman. Det trur eg høyrest både i musikken og tekstane våre.

Slik ordlegg Anne Birte Bjørdal Hanken seg når ho samanfattar åra som er gått sidan 1997 då fire, unge ålesundarar song litt av kvart frå ulike musikalske sjangrar, til dei no skaper sin egen musikk.

Laurdag kveld held dei konsert i Ålesund kirke og byr på sine favorittsongar gjennom tjue år, og «Kyrie» som blir ur-framført under jubileumskonserten.

– Vi trefte kvarandre ved musikklinja i Fagerlia. Dei tre første åra song Ragnhild Eide Akslen saman med oss, men så satsa ho på solosong og då kom Kristin Eidhamar Næss med. Dei siste sytten åra er det vi to, Gunhild Marie Roald og Ingvild Drønnen som utgjer Smyr, fortel Anne Birte Bjørdal Hanken som er den einaste som bur i Ålesund.

Dei tre andre held til i Trondheim.

Smyr: Vokalistane er frå venstre: Kristin Eidhamar Næss, Anne Birte Bjørdal hanken, Ingvild Drønnen og Gunhild Marie Roald.

Aktive damer

I løpet av sine tjue år har kvartetten heldt eit hundretals konsertar over heile landet, – dei fleste har føregått i kyrkjer.

Debutplata «St. Sunniva» kom ut i 2003, og plate nummer to «Vandring» kom på marknaden i 2010.

I den same tidsperioden har alle fire stifta familie, blitt mødrer og etablert seg i ulike yrke i tillegg til det musikalske samarbeidet i Smyr.

– Det gjer at vi må dele tida vår på fleire gjeremål, og at vi har færre, men desto meir intense øvingar når vi møtest, seier Anne Birte som fortel at Smyr har både forankring i, og hentar inspirasjon frå kyrkjerommet når dei skriv tekst og musikk.

– Tekstmessig søkjer vi stadig tilbake til kyrkja med tru, håp og pilgrimmotivet vandring som tema. Musikalsk sett spelar vi på stemmene våre som er svært ulike, for å få fram Smyr sin særeigne klang, seier ho.

Hva skjer i din kommune? Sjekk vår kulturkalender her

Det er Gunhild Marie Roald som skriv det meste av tekst og musikk til Smyr.

– Vi andre kjem med innspel i den skapande prosessen. Lydfiler og smsar med tekstforslag blir hyppig sendt mellom Ålesund og Trondheim. Vi driv i stor grad samkomponering, fortel Anne Birte Bjørdal Hanken som legg til:

– Og det skal vi halde fram med i komande år. Smyr er ein viktig del av liva til oss alle fire.