Då er det nemleg tid for ei ny utgåve av, ein konsertserie som Volda og Ørsta kyrkjeakademi har utvikla i samarbeid med kantor Marie Austrheim Riise.

– Dette er den fjerde konserten i rekkja, vi satsar på to kvart år, fortel May Kristin Bolli, styreleiar i kyrkjeakademiet.

ORKESTER Merkesteinane har medlemmer frå både Sunnmøre og Nordfjord. Her frå eit speleoppdrag i Volda i sommar.

Dei er med i Norske kirkeakademier, ei økumenisk rørsle med medlemmer frå ulike kyrkjesamfunn.

– Denne gongen har vi med oss Merkesteinane, som tydeleggjer verdien om breidde, mangfald, forståing, respekt, openheit og menneskeverd, seier May Kristin Bolli.

Andre som er inviterte til å opptre fredagskvelden er Arnulf Hjertvik, Ketil Grøtting og Kirsti Ytrestøl Kvakland.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Favorittar

Marie Austrheim Riise fortel at til desse konsertane brukar dei å utfordre utøvarane til å velje to songar eller musikkstykke som betyr eller har betydd mykje for dei. Dei blir også bedne om å fortelje kvifor akkurat desse melodiane vart plukka ut.

– Gjennom konserten får vi løfta fram dei dyktige musikarane og songarane som er med, samstundes som vi skapar ein møtestad for dialog, kunst og livstolking, seier Bolli.

Arrangørane av konserten er opptekne av å formidle at kyrkja er ein av dei største aktørane innanfor kunst og kultur i det norske samfunnet:

– På konserten fredag vil musikken tale til oss, som noko heilagt og større enn oss sjølve. Vi får tolke musikken inn i våre eigne liv. Kanskje kan den også gje oss noko vi ikkje forventa? Vi veit at musikken kan røre dei som lyttar, og skape samhald og bygge bruer mellom kulturar, legg kantoren til.

Beatles

Og det er stor breidde på det publikum får høyre, frå salmar skriven få hundre år etter Kristus, til musikk av Beatles og Erik Bye.