I går blei det klart at 24-åringen frå Eiksund på Sunnmøre er ein av fem nominerte til Statoil sitt talentstipend for klassisk musikk.

Prestisjetunge scenar

Han har teke store skritt på kort tid, også internasjonalt. Det siste året har Tødenes vore tilsett i solistensemblet ved Wiener Staatsoper, der han har hatt suksess med ei rekke roller.

Han har også hatt roller og konsertar ved store og prestisjetunge scenar som Salzburg Festspiele, Salzburg Easter Festival, Festspielhaus Baden-Baden, Copenhagen operafestival, Festspillene i Bergen og Oslo Operafestival.

I 2018 ventar roller på Bastille-operaen i Paris, på nasjonaloperaen i Praha, og sist men ikkje minst skal han debutere på Den Norske Opera, noko han lenge har hatt lyst til. Her skal Tødenes syngje hovudrolla som Rinuccio i Puccinis «Gianni Schicchi».

Helgaprat med Bror Magnus Tødenes: «Eit sensasjonelt talent»

Han skal også halde konsertar i Poznan i Polen, i Tivoli i København og under festspela i Bergen.

Men først blir det akustiske julekonsertar på Sunnmøre, berre akkompagnert av ein pianist.

– Eg likar veldig godt å synge heime på Sunnmøre. På større stader, både i inn- og utland, kan det fort kjennest litt upersonleg, publikum er gjerne meir blasert.

– På Sunnmøre kjenner eg folk overalt, og eg likar å halde konsertar ute på bygdene, seier Tødenes.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

O helga natt» er obligatorisk

Julekonsertane blir ei blanding av klassiske julesongar og nyare slagerar. «O helga natt» er obligatorisk. Det blir musikk frå Händels Messias og det blir irske folketonar.

– Kyrkjekonsertane skal haldast i tett samarbeid med kyrkjelyden, slik at julebodskapen kjem godt fram. I oppveksten har eg har spelt og sunge i miljø der den kristne bodskapen står sterkt, og ser verdien i den. Difor har eg ikkje lyst til at kyrkja utelukkande skal vere eit konsertlokale, seier Tødenes.

Akkompagnatør Pianisten Hallvard Fremstad, busett i Ålesund, skal spele med Tødenes under julekonsertane på Sunnmøre.

Med seg på juleturneen har han ålesundspianisten Hallvard Fremstad.

– Han er ein genial pianist og akkompagnatør, verkeleg ein av dei mest musikalske og talentfulle folka eg har møtt. Og ein av dei hyggelegaste, seier Tødenes.