«Å bera ei stjerne i hjarta» er tittelen på årets julelåt frå jentegruppa desiBelle i Volda.

– Teksten har ein litt ny vinkel på julebodskapen. Det er ein fin og poetisk tekst, meiner Gaute Øvereng, som har skrive melodi til den nye julesongen.

Spesialskriven tekst

Forfattaren Bente Brattlund frå Os i Hordaland har skrive teksten, spesielt for jentegruppa.

Øvereng som er far til to av jentene i gruppa, er også dagleg leiar på Ivar Aasen-tunet. Og ein gong han møtte Brattlund spurde han henne om ho kunne skrive ein tekst spesielt for desiBelle.

Syng når dei har lyst

Jentene i desiBelle er no 12 og 13 år gamle og har sunge saman i fleire år.

Dei har ikkje faste øvingar, men syng når dei får spørsmål om det og når dei har lyst.

Øvereng fortel at gruppa er sett saman av to vennegjengar, og det er foreldra som i utgangspunktet var koplinga mellom dei.

Gruppa tel i utgangspunktet ti jenter, men to av dei er flytta, og dermed er dei åtte songarar som medverkar i år.

For litt over fire år sidan spelte gruppa inn jule-CD. To år etter kom ein ny CD, utan jul som tema. To siste åra har dei spelt inn julesongar og delt på YouTube.