(Vikebladet:)– Det er noko av det skumlaste eg har gjort i heile mitt liv. Men det var faktisk veldig artig å vere med på det, seier Kaldhol.

Innspelinga vart gjort på Fornebu i månadsskiftet september/oktober i 2016.

– Eigentleg hadde eg vel eit håp om at daten min aldri skulle visast på skjermen.

Inger Lise Kaldhol jobbar til dagleg som kommuneoverlege i Ulstein kommune.

– Artig konsept

I programmet Første date møter to personar kvarandre for første gong. Daten, eller stemnemøtet, skjer på ein restaurant med mange kamera, og dei to vert intervjua både før og etter det første møtet.

– Eg hadde sett den engelske versjonen, som gjekk på NRK. Eg syntest det var eit artig konsept, så eg melde meg på, fortel Kaldhol.

I programmet fortel ho at er singel, etter å ha vore saman med ungdomskjærasten frå ho var seksten år gamal.

– Då eg melde meg på programmet hadde eg vore åleine i tre og eit halvt år. Eg hadde byrja å kjede meg litt, men eg hadde aldri før i mitt liv vore på date. Eg tenkte at det nesten var tryggare å gå på ein organisert date enn å ordne det sjølv, ler ho.

Kaldhol sende inn ein søknad om å vere med i programmet. Før opptaket måtte ho også gjennom eit intervju, slik at programskaparane skulle finne ein mann som kunne passe.

– Triveleg og søt jente

Det var Tom-Erik Hjelle frå Valldal som vart plukka ut til å date Inger Lise. Utan å røpe for mykje om korleis det går i programmet, seier ho:

– Vi er veldig ulike, så etterpå så lurte eg mykje på kvifor akkurat vi to vart plukka ut til å møte kvarandre, seier Kaldhol.

Ho har allereie sett programmet på nett.

– Eg sette meg sjølv i ein sårbar situasjon, det er ikkje lett å finne ein person du verkeleg likar. Og i Første date måtte eg gje frå meg kontrollen til dei som laga programmet.

Tom-Erik Hjelle har enno ikkje sett programmet, fortel han då Vikebladet Vestposten ringer.

– Det var ein spesiell setting, men Inger Lise var ei triveleg og søt jente, seier han.

I dag, godt og vel eit år etter opptaket vart gjort, har Inger-Lise no kjæraste. Tom-Erik er framleis singel.

Denne saka sto først på trykk hos Vikebladet.

Klokka 2130 torsdag kveld er Inger Lise Kaldhol med i programmet Første date på TVNorge. Foto: SKJERMDUMP