Praktisk byggjeleiar- og den mellomste av brørne Bjørkedal, Ottar, føler gjengen han har med seg i storhallen ved sjøkanten på Eid no har god kontroll på framdrifta.

Han er altså ein av tre søner av den legendariske båtbyggjaren Sigurd Bjørkedal, og dei står midt i bygginga av landets største dokumenterte vikingskip.

Dei tre har vore sentrale i bygginga av to andre norske gigantskip i vikingklassen: Gokstadskipet som vart funne i 1880 og Osebergskipet som vart funne og grave ut i 1904. Begge gjenskapte til minste detalj på Bjørkedalen.

Høvedsmannen: Spesialkonsulent Saxe Bjørkedal (91) var måndag denne veka på inspeksjon av skipsbygginga på Eid. Han har laga både byggjeteikningar og denne detaljerte modellen i målestokk. I tillegg er han onkel til heile fire av vikingskipsbyggjarane frå Bjørkedalen. Foto: knut arne aarset

Det komplette byggjelag

No er altså brørne, som arbeider med bygging i ulike kategoriar, frå konsultenivå til fjøsbygging, igjen samla om eit prosjekt som truleg berre nettopp desse tre har nok erfaring og ekspertise til å kunne gjennomføre.

Når dei så har knytt til seg to andre superveteranar innan faget, Jakob Helset og Ola Følsvik, er laget nesten komplett. Komplett er det først når den sjette bjørkedalingen, Erlend Helset, også er med på dette unike «notlaget».

Ein forvaksen kano

Sunnmørsposten fekk vere med på den historiske fellinga av storfurua til første kjølstokken til Myklebustskipet i 2016.

Seinare har vi vore i rubbhallen på Eid og teke bygginga i augesyn etter kjølstrekking, og med dei første bordgangane på plass. Men den gong minte skipet mest om ein forvaksen indianarkano ...

Kraftkonstruksjon: Det er enorme dimensjonar over innveden i Myklebustskipet. Nokre er i stadvoksen eik frå Eid, mesteparten av spesialhogd heilved furu frå Helset i Bjørkedalen. Foto: KNUT ARNE AARSET

Rett bøy – til rett plass

No tidleg i februar 2018 er saka ei heilt anna. No manglar det berre nokre få bordgangar til skipet er oppripa til full høgd og breidd. Ikkje minst har dei fått på plass nærare 30 såkalla renger, det vil seie innved/spant av sterkaste slag. Dei fleste er vaksne i eitt og same emne, med rett bøy til rett plass i skipet. Her er heile lengder på inntil fem meter, ingen dimensjonar under seks tommar og trenaglar og boltar som kunne ha halde ein skyskrapar.

Til å binde saman det heile er ein endå grovare stokk, med det poetiske namnet kjølsvinet. Poenget er at dette skipet skal tole ein kva som helst slag kuling eller juling, når det ein dag i 2019 er sjøsett og klart til rigging og testing – frå Eidsfjorden og kanskje til verdas ende?

Sterkt som fjell

– Dette skipet vert sterkt som fjell. Eg kan ikkje her og no forestille meg kva som kan slite sund ein konstruksjon som denne, vurderer Jakob Helset. Han medgjev at arbeidsgjengen har bak seg ein periode med blytungt arbeid med å tilpasse alle spanta.

– Dei er jo fleire hundre kilo kvar. Hadde vi ikkje investert ein svært bra traverskran under taket her, då hadde det vore nesten uråd å handtere slike arbeidsstykke, innser Helset.

Rett over spanta held byggegjengen no på å rigge ferdig ein ekstremt solid bordgang, utgått av emne på heile tre tommars tjukte.

Men same kor solid dette byggverket står fram, finsmekkaren Saxe Bjørkedal (91) har kome eins ærend frå Florø. Med nye skisser og nye teikningar. Han går rett i knallhard disputt med sine fire nevøar og dei to andre kring ripane.

– Fattar de kva eg seier? Eller i alle fall meiner, ropar Saxe. Og får svar – så diplomatiske og faglege som berre nære slektningar med båtbyggjarblod kan gje. Og så er det brått semje. Full semje og heil ved ... Myklebustskipet vart grave ut på Myklebust i 1874, 300 meter frå byggjestaden. Etter sjøsetjing i 2019 vert det ein viktig del av dokumentasjonssenteret Sagastad på Eid. Det måler 6,5 x 30,06 meter.

Midtskips: Alle mann på plass denne dagen. F.v. Ola Følsvik, Erlend Helset, brørne Jakob, Ottar og Dag Inge Bjørkedal og Jakob Helset. Dei har skipa eige byggeselskap for storoppdraget.