«fence/defence» er tittelen på den store fellesutstillinga Marit Helen Akslen og Geir M. Brungot opnar i Bomuldsfabriken Kunsthall laurdag 17. februar. Då fyller kunstnarane frå Sykkylven dei seks salane i det anerkjende galleriet i Arendal.

Likt tema

– Tematisk handlar utstillinga om stengsel, avgrensing, hindring og om vern, sikkerheit og motstand, fortel kunstnarane som på kvar sitt vis synleggjer denne tematikken.

– Trump sin flyktningpolitikk og hans plan om å bygge mur mot Mexico har inspirert meg. I tekstilarbeida mine seier eg noko om korleis verdsleiarane løyser flyktningstraumen, og korleis flyktningar blir møtt med piggtråd og høge gjerde, fortel Marit Helen Akslen.

– Mine fotografi har kanskje ikkje så tydelege politisk bodskap. For meg handlar det meir om utestenging på individplan, – om det psykologiske når nokon blir utestengd eller stengjer seg sjølv ute frå fellesskapet, skyt Brungot inn.

Dei to har lenge hatt planar om å stille ut saman.

– Men ikkje før i det siste vi har sett at arbeida våre snakkar saman på ein ny måte. Det skjedde særleg då eg jobba med «fence/defence»-serien frå Wien der eg fotograferte nettinggjerde som er dekte av plast, – som eg ser som symbol på å vere innestengt eller utestengd. Då vart vi klar over at vi på ulike vis jobbar med same tema, fortel Brungot.

Tidkrevjande

Begge kunstnarane legg stor vekt på sjølve handverket i arbeida dei lagar.

Nitid flid viser tydeleg i dei femten store tekstilarbeida Akslen skal vise fram i Arendal.

Fleire av dei nye verka er fire meter lange og vel to meter breie og er anten sydd saman av skosolar, mansjettar og regnklede.

– Eg brukar meir fargar no enn tidlegare. Særleg gult, som blir omtalt som svikets farge, fortel tekstilkunstnaren som meiner fargevalet står til tematikken.

Heile 35 svart/kvitt fotografi i så store format som 173 x 137 centimeter, av ulike nettinggjerde fanga inn i kameralinsa i Wien, Manchester og Oslo. Det har Brungot med til Bomuldsfabrikken.

Der blir fotografi og tekstilarbeid plassert side om side.

Med rikeleg med luft mellom, for at publikum skal få plass til sine eigne tankar mellom verka.