Kari Standal Pavelich frå Opera Nordfjord fortel til Sunnmørsposten at ho fekk idéen då ho skulle køyre ein av sønene til Trondheim etter sommarferien.

– Alle dei seks barna mine er gamerar, og i bilen høyrde vi på musikk frå The Legend of Zelda spelt av London filharmoniske orkester. Det var utruleg flott og då tenkte eg at dette ville ha vore ein god idé for eit program for unge.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

Frå Sverige

Score er eit musikkonsept frå Sverige, der musikk frå populære dataspel vert spelt med symfoniorkester, kor og operasolist. Etter fleire konsertar i storbyar i Norge og Sverige, kjem konseptet no til Nordvestlandet.

For både unge og gamle

Til konsertane kjem det musikarar frå heile landet, samt konferansier og solist frå Sverige. Lokale innslag vert det òg, med musikarar frå Ørsta, Volda, Nordfjordeid og Ålesund.

– Eg trur dei vart overraska på Sandane då det kom eit Widerøe-fly fullt av musikarar, ler Pavelich.

Ho fortel at sjølv om musikken dei speler kjem frå dataspel er det ikkje ein konsert berre for dei unge.

– Dette er ein gyllen moglegheit for unge og vaksne til å dra på konsert saman, fortel ho.

– Du har dei unge, som gjerne er interesserte i dataspel men ikkje klassisk musikk, og så har du dei litt eldre, som gjerne ikkje veit så mykje om spel, men som likar klassisk musikk og filmmusikk. Dette er ein fin moglegheit for dei to til å møtest, seier Pavelich.

Dataspel og opera har mykje til felles, meiner ho.

– Dataspel er uttrykket til dei unge, og dei er gjerne like lidenskapeleg opptatt av det som skjer i spelverda som det vi er på scena. Ein kar frå Kristiansand sa han kom til å køyre til Sogndal for å få med seg konserten, sidan musikk frå «Skyrim» vil verte framført med kor.

Vil at folk skal kle seg ut

Cosplay er ein viktig del av gamerkulturen. Pavelich fortel at folk gjerne må komme, kledd ut som favorittfigurane sine.

– Det vil vi gjerne oppfordre alle til å gjere. Før konserten på søndag vil det òg vere ein cosplay-miniverkstad i regi av Cosplay Ålesund, fortel ho.

Score speler i Sogndal fredag, på Nordfjordeid laurdag og i Ålesund på søndag.

Under kan du få ein smakebit, med «The Dragonborn Comes» frå Skyrim:

Konserten vil også ha korsong ved Musikklinjekoret ved Høgskulen i Volda, Stemt frå Volda og Nordfjord operakor.