Det siste håpet kan breste laurdag, når topplaget og nabo Volda kjem på besøk. Bergsøy må vinne sine tre siste kampar for å ha ein teoretisk sjanse til å stå, noko Dokmanovic diverre ikkje kan tru skjer.

– Vi har vunne tre av våre 19 kampar, og så skal vi brått vinne tre på rad? Mellom anna mot suverene Volda? Nei, det trur eg ikkje går. Men vi skal gjere alt for å slå Volda, i handball er alt mogleg, seier han. Utan å tru heilt på det sjølv?

– Vi har hatt problem heile sesongen. Vi trenar for lite, nokre er berre på ei trening i veka. Eit par har slutta undervegs, så at det har vore ein tung sesong for damene er ikkje å ta for hardt i, seier han.

Volda kan nytte dei siste kampane til å førebu seg på kvalifiseringa for opprykk til 1. divisjon. Og kva med Bergsøy-damene neste sesong?

– Eg veit ikkje. Det blir nok til at dei må bygge opp eit nytt lag. Om eg blir med vidare for herre- og damelaget er usikkert. Eg er open for tilbod, seier han.