Dette seier to av musikarane som nyleg gav ut plata «The Broken Wessel», høgskulelektor og trompetist Geir Hjorthol og dirigent, pianist og komponist Magnar Åm. Med seg i den menneskelege trioen har dei også Andreas Barth frå Oslo. Og det var sistnemnde sitt kontaktnett som gjorde at denne plateinnspelinga kunne bli så lydmessig spektakulær som ho faktisk vart, fortel Geir Hjorthol. Plata er ei amerikansk utgjeving, med slepp 9. mars i år, og strøyma i mange kanalar.

Lydopptak av høgste klasse

– Andreas Barth er personleg kjend med ein av dei som utgjer lydopptaksgruppa The Walls have ears Moving Studio.

– Alt i 2016 vart vi sett i kontakt med folk frå denne gruppa. Vi hadde då ein konsert i Propellhallen i oktober, og lydekspertane var på plass og gjorde lydprøver og opptak.

– Dei gjorde til og med opptak av sjølv hallen her, utan at det vart laga ein einaste aktiv lyd her inne. Perfeksjonistar driv perfeksjonisme, smiler Hjorthol. Både han og kollega Magnar Åm er garva innan både musikk og teknikk. Også opptaksteknikk. Men begge let seg imponere av det gruppa frå Oslo fekk ut av innspelingane i hallen her.

– Ja, eg er djupt og inderleg imponert. Dei har eit utal med ulike og topp avanserte mikrofonar. Ikkje minst er dei ekspertar på å tolke lyd og plassere seg deretter.

– Når dei også er eineståande dyktige til å samarbeide og mikse saman eit ferdig materiale i etterkant, då har vi fått vere med på ein veldig spennande reise, meiner Magnar Åm.

Å kommunisere med vegger

Karane har ein masse tankar og refleksjonar kring temaet musikk, lyd, tolking og formidling. Noko av det kan tykkjest vel avansert for den jamne konsument. Anna kan høyrest uhyre spennande ut.

– Men er det verkeleg råd å kommunisere med den himmelhøge og utilnærmelege veggen i ein industrihall som her?

– Det kjem litt an på kva ein legg i det. Men vi står for orda våre om at klangen i rommet totalt sett går an å kommunisere med.

– Ikkje berre går det an, det er til tider særs inspirerande på prøve det ut. Du sender ut ein tanke eller tone, og veggane gjev svar. Som oftast ulike svar frå gong til gong, smiler Magnar Åm. Han nemner at trafikkstøy frå utsida også er med på plata.

Ekko – med raut og gaul

Åm demonstrerer med å setje i eit gaul. Eller skal heller vi seie eit verbalt raut.

– Haaeeuuu! Propellhallveggane remjar i kryss tilbake. Villig, inderleg og lenge. Heile sju sekund!

– Ja, i etterklangen ligg mykje av løyndommen. Og likevel er dette berre halvparten så lang etterklang som til dømes i Vigelandsmuseet i Oslo, med sine 14 sekund, veit Geir Hjorthol. Sjølve synest dei at bakgrunnen til desse lokala er fengslande, med si lange og sterke maritime intustrihistorie. No er alt dette lagt ned og fasa ut, herav også tittelen «Tre Broken Wessel» – det brotna/øydelagde fartøy. Tittelen er lånt frå den tyske filosofen og kritikaren Walter Benjamin.

– Konserten de hadde her i hallen hausten 2016 vart teken godt imot. Er det truleg at det vil skje også med ei slik plate?

– Det er det som er vona vår. Er det ikkje det som alltid er vona til ein musikar – å nå endå lenger – lengst muleg ut med det ein lagar? spør dei to i hallen retorisk. Vel vitande om at dei har teke konseptet «Industrial music» til ein nytt nivå. Internasjonalt skal det finnast nok av lyttarar til særteknisk tekno – også med etterklang.

Improvisasjonskunstnarane bak den nye plateutgjevinga «The Broken Wessel» har aust frå eit hav av lyd her i hallen. Etterklangen er målt til heile sju sekund. Foto: Knut Arne Aarset