Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris

Får prisen for boka «Keeperen og havet».

FÅR NY PRIS: Maria Parr har hausta prisar i fleire kategoriar. I 2010 fekk ho utmerkinga «Årets nynorskbrukar» av Nynorsk kultursentrum. No får ho Nynorsk barnelitteraturpris - for tredje gong.  Foto: Knut Arne Aarset

Kultur

– Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga.

Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fredag 13. april, same dag som landsmøtet i Noregs Mållag opnar i Vinje. Dette er tredje gong Maria Parr gjev ut bok, og det er tredje gong ho får Nynorsk barnelitteraturpris, melder Noregs Mållag i ei pressemelding.

Utdrag frå grunngjeving frå juryen til Nynorsk barnelitteraturpris 2017: «Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2017 har skrive ei bok som tek oss med tilbake til kjende trakter og lèt oss møte att gode vener. 12 år etter den fyrste boka kjem altså bok nummer to. I eit usedvanleg godt språk og med ei handling som får oss til å kjenne saltsmaken på tunga, sjarmerer ho oss i senk. Boka har allereie hausta både lovord og prisar frå fleire hald. Med sine truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang til framover. Det friske og kreative språket krydrar historia, og du må heile tida ha fokus fordi du veit aldri kva tid neste språkperle kjem, heiter det i grunngjevinga.

«Barn treng slike historier som syner andre sider ved livet enn YouTube og likes», avsluttar juryen.

Det er Noregs Mållag som deler ut prisen, som er på 30 000 kroner. Denne prisen har blitt gjeve ut sidan 1968.