Då vart Valborg intervjua i samband med at ho var første kvinna som køyrde ambulanse ved fylkessjukehuset i Volda.Vel og bra. At ho søkte seg over i dette yrket 49 år gamal var nesten endå betre. Seksbarnsmora i Austefjorden hadde aldri gått av vegen for å gjere uvanlege val. «Sjølv meiner ho at ho som middelaldrande slett ikkje er mindre eigna til jobben som ambulansesjåfør enn ein 25- åring», les vi.

– Livet har lært meg å takle ulike situasjonar, noko som hargjort meg tryggare med åra. Ro og tryggleik er eigenskapar som er viktige å ha når ein skal arbeide med sjuke og alvorleg skadde personar, fortalde ho.

Valborg vaks opp i Ytre Ålvik i Hardanger.

– Heimanfrå lærte eg at ein skal våge å skille seg ut om ein berre gjer det på skikkeleg vis. Dette har eg hatt som rettesnor heile livet. Eg let ikkje vere å gjere noko eg har lyst til, sjølv om eg veit at folk snakkar om meg. Slike tankar prøver eg å fri meg frå, fortalde ho i 1991.

I 2010 sykla ho frå Ystad i Sverige via Finland til Kirkenes, og tykte det var rett stas somme meinte ho måtte vere galen.