Vel og bra og hjarteleg til lukke. Vi har fiska fram nokre etande gode lysbilete frå starten av sekstitalet ved dette høvet.Sjå den bilparken! Ikkje noko moderne plastikk kan måle seg med skinnande krom og tjukke, amerikanske stålet.

Vel, det har visst kilt seg inn noko svensk här åt vänster. For ikkje å gløyme folkevognbussen med splittvindauge og faldetak. Dei som sel ein slik kult-bil i dag, kan gå av med tidlegpensjon.

Sambabussane er mektig populære. Vi skjønar framleis ikkje heilt kvifor, men det er ei anna sak. Fleirtalet kan aldri ha rett, hevda Dr. Stockmann. Vi held difor på retten vår til å vere ein folkevognfiende.

– Dei fleste bilane her er turistdrosjer. Trafikken var eit framhald av Geiranger Skysslag frå 1907, fortel Oddbjørn Dahl, som har teke fotografia.

Eigarane skaffa seg stendig ny skyss i etterkrigsåra. Gjerne amerikansk. Dreiemoment var truleg kjekt å ha i brattbakkane.Det bør vere råd å ane eit par karakterar med blankskjoldhue til venstre.

På det vesle biletet ventar sjåførar heilt i framkant. Båten er på veg ut til cruiseskipet for å hente passasjerane. Vi kan ikkje fri oss frå at det hadde vore stas å få trakke over trammen på ein slik stasjon i 2016. Bensin-nostalgikarar vert blanke i blikket av mindre.Geiranger Skysslag finst faktisk som firma enno.

Det er nemleg dei som driv bomvegen og anlegget dryge 1500 meter over fjorden. Nibbevegen vart påbyrja 1937, men ikkje opna før sommaren 1948. I dag er det turistbussane som rår grunnen.