Alfred Hovden fann nemleg om lag 150 av fotografia deira i brannruinane på Hareid, tok dei til side og kunne overrekkje funnet vesle julaftan.

Rundt bordet her ser vi f.v. Frank Roger, Vidar, Bjørn Tore, Solvor, Linda Christin og Maria Helen Karlsen.

Familien hadde innstilt seg på at alt dei eigde var tapt. Då kom Alfred med noko av det viktigaste som finst: Fotografiske minne. Umulege å attskape.

– Flott gjort. Dette er den beste gåva vi nokon gong kunne fått, takka far Vidar medan han og borna bladde ivrig i bunken.

Både Vidar og Solvor hadde alltid tatt mange bilde av borna.

– Dette var artig. Det varmar verkeleg godt. Eit skikkeleg koseleg lyspunkt midt i alt elendet, sa mor Solvor.

Dei måtte riktignok stelle litt med funnet etter brannen, vaske vekk sot, klippe vekk dei mest brende kantane og slikt.

Natt til 30. oktober fauk alle ut av huset for å berge seg. Dei rakk ikkje kle seg eingong. Ei bukse, eit pledd og ein gensar var alt dei vann å trive tak i, før elden åt opp alt anna.

Dette no 25 år gamle minnet er meir enn veleigna til å pirke litt i arkivrutinene våre. Før fanst det film. Noko handfast du kunne leggje ein trygg stad.

I dag er bilda nullar og eitt-tal, avhengig av magnetisme og stendig skiftande programvare.

Har vi eigentleg backup om noko skulle skje? Diskane kan jo krasje rett rundt neste sving?

Godt nytt foto-år til alle.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.