Han var naturlegvis batteri-agent. Travlare dagar hadde han ikkje erfart, les vi.

– Eg har aldri opplevd liknande rush. Pågangen etter batteri har vore enorm etter at orkanen herja første nyttårsdag og tok straumen frå folk på store delar av Nordvestlandet.

Agenten avhenda like mykje på to kveldar som han til vanleg gjorde på ei heil veke.

– Det nye året byrjar nok med rekord, seier Erling Helseth frå Ålesund.

Den handelsreisande måtte fyke mellom Kristiansund og Nordfjord. På vegen fôra han gapande, tome hyller i alt frå bensinstasjonar, jarnvareforretningar og radio/TV-forretningar.

Trongen etter mobil støyt var visst størst i ballbyen. Det måtte nye forsyningar til heilt frå Sverige for å stette alle orkanskadde kundar på Nordvestlandet.

Den vesle bilen agenten hadde å hjelpe seg med vart i minste laget, så han ekspederte sendingar med bussar, varerute og postbod.

Kva som selde best i 1992? Store og halvstore runde batteri til lommelykter og radioar. Helseth var forundra over kor små lager folk heldt seg med.

Lærte vi noko i 1992, tru?

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.