Det mest tragiske er at ein-kvan har kasta frå seg møblementet på Kvasneset i Sula.

Reidun Kvasnes les tiårspalta, og det er vi naturlegvis takksame for. Likeeins at ho vender seg hit med bilde.

«I For noen tiår siden» stod det bilde av ein slik fargeglad sofa fra Ekornes som vi fekk sjå igjen i Sunnmørsposten 10. januar», skriv Reidun.

«No er det tydelegvis nokon som som er lei den og har satt fra seg ein slik salong i skogen.

Vi må berre ynskje at den som driv med sånn tilgrising i naturen kjem og hentar den tilbake», helsar lesaren vår.

Vi tørkar vekk den verste møkka av brilleglasa og fin-granskar motivet meir kriminalteknisk.

Blått og oransje gjer seg kan hende på ei fotballbane. Sjølv om tekstilane er storvokst blømande, er det likevel synd å seie det sklir rett inn i skogen sitt naturlege vintermiljø.

Vi deler Reidun sitt ynskje, men har nok ikkje store håpet om at syndarane angrar seg.

Syndarar gjer sjeldan dét.

Statistikken for ekteskap er vel kløyvd på midten, er den ikkje? Halvparten misslukkast.

Blir ein stakkar hivd ut i desse dagar, kan han finne mykje av slikt han treng i krattet på Kvasneset. Vi berre nemner det.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.