Sjå berre her: Byggjeleiar Arne Lied poserer inntil sminkebordet «backstage» må vi tru. Takk vere det optiske fenomenet at «utgangsvinkelen er lik inngangsvinkelen», får vi helse heile tre gongar på Arne.

Tilbake til dagsordenen: Det nye grendahuset i dalen litt opp for Sæbø var på det meste ferdig for 25 år sia.

34.000 dugnadstimar var loggført i prosjektet. Så mange som 216 personar hadde vore i sving fritt og franko for å få opp dette praktbygget.

Takk vere offerviljen ville grendahuset dessutan vere gjeldfritt nokså kvikt.

Det heller var vel ikkje så verst? Særleg med tanke på at stasen var taksert til dryge fire millionar 1992-kroner. Imponerande då som no, vil vi meine.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

Det hadde visst versert planar i rundt hundre år for eit slikt hus i Bondalen.

– Men det var først då vi danna eit partslag i 1986 at det vart skikkeleg fart i arbeidet. Ein god start var det dessutan at vegvesenet køyrde overskotsmassa frå den nye riksvegen til parkeringsplassen her, kunne byggjeleiar Arne Lied fortelje Sunnmørsposten.

Grendahuset ligg ved plattingen på Grandane litt framfor Kvistadbrua i Bondalen og har ei samla flate på nærare 600 kvadratmeter. Allbruksbygget er elles teikna av Nils Kolås.

Skal tru om dei planlegg jubileumshibbel der no?