Året er 1952 og staden Sykkylven. Vi har fått låne dette nydelege motivet av Atle Grebstad Eliassen og gjev ordet til han:

– Heimevernet har gått usikre tider i møte dei siste åra, og HV-11 i vårt område vart berre sikra vidare drift med eit naudskrik i november 2016 då Stortinget vedtok langtidsplanen for forsvaret, minner han om.

– Annleis vart det då dette biletet vart teke i sentrum av Sykkylven. Åra etter krigen var det ikkje nødvendig med ein nasjonal kampanje for å jobbe mot kutt i Heimevernet. Då var denne forsvarsgreina sett på som veldig verdifull for å forsvare landet vårt mot eventuelle okkupantar slik som Norge opplevde 1940-45, legg Atle til.

I etterkrigsåra var det såleis ofte heimevernsøvingar rundt om på Sunnmøre, og omkring 70–80 soldatar og befal var samla på Aure med ungdomshuset Valhall som sentrum nokre solrike maidagar.

Dei har nett passert den gamle kyrkja, som elden forresten øydelagde 2. februar 1983.

Også huset innanfor, bustadhuset til Martin Lyshol, gjekk opp i logar ti år seinare. Det hende rett nok under tilsyn av brannvernet for å gi plass til den nye riksveg 60 mot ferjeleiet på Ørsneset 1. april 1973, fortel Atle Grebstad Eliassen.

Heimevernet har i dag om lag 45.000 soldatar som kan stille på kort varsel viss det trengst.

Vi likar å innbille oss at kameratane på dette tiårsbildet var både glade og tenestevillige.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.