Dette fotografiet er frå same «opningskonserten» som tiårbildet laurdag. Men nett her er det samla eit knippe yrkesbrør for å spele spesialkomponerte tonar.

Inne i bildet ser vi så frå venstre Harald Førde, Helge førde, Stig Molvær, Runar Tafjord, Terje Tafjord, Harald Devold, Jarle Førde, Jan Magne Førde, Roar Alnes og Terje Nymark, medan Jens Arne Molvær hamna utanfor bildekanten til høgre. Klaverovergangane var ved Askjell Molvær, må vi tru, ettersom han sit på krakken.

På dette punktet i konserten fekk Langevåg Musikkorps pause medan proffane gav seg i kast med ein eigen «Friheim-suite» signert brørne Jens Arne og Askjell.

Suiten inneheldt alt frå dei vare, varme tonar til forrykande jazzrytmer, frå folkemusikkinspirerte parti til gladjazz frå New Orleans. Avslutninga av suiten var ein humoristisk og fantasifull parafrase over Langevågssangen, der musikarane også slo til med fleirstemt sang», les vi i 1992-omtalen.

Harald Devold døydde så altfor tidleg i fjor vinter. Han var vital i Barentsregionen både som saxofonist og produsent.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.