... og det er mest alt Ola Misund veit om dette staselege «familiebiletet».

– Det er teke av fotograf Simonnæs i Ålesund tidleg på 1900-talet. Vi skulle så gjerne vite kva for båt dette mannskapet var om bord i, seier Ola.

Vi vender oss innleiingsvis til Kjell Skorgevik sitt glimrande bokverk om gamle ålesundsfotografar.

Der får vi vite at Enok O. Simonnæs levde frå 1856 til 1947. Han fotograferte heile 35 år i Ålesund, før han selde til yngre krefter i 1920.

Rekna bakover hamnar vi då rundt 1885. Misund trur tidleg 1900-tal, så dette kan stemme.

Det hadde vore særs gildt om einkvan hadde denne gjengen anten i anegalleriet eller albumen heime og kunne bykse til og gje oss eksakt viten.

«Om disse noen gang blir identifisert vil det ikke forundre med om de kommer fra fotografens hjemlige egner på ytre søre Sunnmøre», legger fotohistorikeren til.

Enok måtte forlate Kvamsøya allereie som åtteåring (!) for å tene hjå framande på Søre Brandal. Så var han dreng nokre år på Stadlandet før han kunne slå seg opp som fotograf.

Hjelpe oss no då, folkens.