Orda kom til oss frå sjukepleiar Ronald Båtnes og avdelingssjukepleiar Jorun Bøyum.

På ettervinteren 1992 hadde desse to etter måten låge forventingar til dei ventande tariff-forhandlingane.

– Som relativt nyutdanna sjukepleiar har eg så låg løn at eg ikkje har sjanse til å etablera meg, kunne Båtnes melde.

Ungguten hadde ei byrjarløn på 146.000 kroner året etter den tre år lange utdanninga si. Det ville ta sjukepleiaren 14 år å karre seg opp på dåverande lønstrinn 21, og innkassere svimlande 167.000 kroner.

Dette var det høgaste lønstrinnet for ein vanleg sjukepleiar.

– Eg er litt redd for at folk skal oppfatta oss sjukepleiarar som «sytete», men det er feil. Det er rett og slett umogleg å etablera seg med denne løna desom ein har studielån og faste bu-utgifter, peika Ronald på.

Yrket var like ansvarsfullt den gongen som det framleis er. Til alt hell har helsestellet og lærarstanden gjort monalege byks i åra etter dette alvorlege fotografiet stod på trykk i Sunnmørsposten.

Men vi håpar likevel at det finst att spor av idealisme. For Vårherre skal vite den trengst.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.