Staden var Haugset i Sykkylven og fotografen Mattis Thoresen.

Journalist Helge Søvik hadde høyrd gjæte trillingar i fjøsen til Nelly og Bernt J. Brunstad, så då var det berre å sale på.

Dette var første trillingfødselen der i garden: To uksekalvar og ein kukalv.

Bernt kjende ikkje til meir enn ein før i Sykkylven.

«Eg har drive gard i 35 år, men det har aldri i desse åra falle i tankane mine at dette skulle skje i vår fjøs. Mora er av dei beste i flokken. Det blir kanskje lenge til eg igjen opplever at ei av våre kyr får sju kalvar på fire år!».

Kalvane hadde ikkje fått noko namn, men vaks riktig så fint.

«Det vitnar om at dei er friske, og at dei har det godt», meinte Nelly.

«Dette er det argaste eg har sett, slår Bernt Brunstad fast, og trur knapt det kan vere sant:

Eine kalven trippar rundt på fjøsgolvet, siktar seg inn mot bingen der han til vanleg held til, tek sats – og sprett elegant over den meter høge karmen.

Sprekt gjort av ein fjorten dagar gammal skapning, spør du oss», les vi vidare.

Mor til kalvane heitte «Fagrei», var seks år og mjølka godt. Om sommaren gjekk buskapen på beite i Sunndalen.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.