Ein oppfølgjar til det gilde drosjebildet i går: Her sit sjåfør Elsa Blindheimsvik ved den nyss utgrevne Forden sin.

Skulle det ringje einkvan, måtte jo T-913 stå klar til teneste.

Far til Einar, altså Elsa sin svigerfar Hans, dreiv butikk. Den finst framleis, men no på Norsk Vegmuseum ved Fåberg, i nærleiken av Hunderfossen.

Det var visst svogeren hennar som styrte butikken sist og let museet ta over dette vakre og særs typiske dømet på ein landhandel.

Einar sin farfar var forresten ein av dei første til å skaffe seg bil på Vigra. Det har dessutan vore lastebildrift i slekta, mellom anna i arbeid på sjølvaste flyplassen.

– Einar og Elsa hadde drosjeløyvet ein ti års tid fram til slutten av sekstitalet, fortel son og bildeutlånar Hans-Jonny.

Elsa Blindheimsvik var altså av dei første kvinnelege drosjekuskane. Ei dame frå Liabygda var kan hende noko tidlegare ute, men vi held like fullt Elsa for å vere ein kvinnepionér.

Så kom nokre år kor ho var husmor og reinhaldsvikar på flyplassen, der mannen Einar jobba i brannvernet.

I siste delen av yrkeslivet venta ein lang periode innan fiskeindustrien. Så denne dama veit nok kva arbeid er.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.