Det viktigaste torer vere at vi får desse herlege motiva på trykk her i tiårspalta.

Gjennom Gunnar Morsund sin retta emisjon har vi fått vite ein heil del takk vere Severin Haugen og Karl K. Blindheim.

Det var helst Johan som ratta hendelset. Staden kan vere ved løa til Sakse-Johannes.

Massey-Harris gjekk som nemnt inn i Massey Ferguson. I dag får vi nyte synet av ein Ferguson «gråtass». Den heitte formelt TE20 – Harry Ferguson sin genistrek. Produsert i ti år frå 1946 av og reine revolusjonen innan landbruket.

I nyare tid har den fått kjendisstatus både gjennom barne-TV og Moods of Norway-logoen.

Den stolte gut-hynen her fjongar seg neppe i storruta tekstilar korkje helg eller kvardags. Og ikkje finst det fjernsyn.

Vi er også noko i tvil om han faktisk pløyer eller berre har hoppa opp til ære for fotografen. Dei fleste fingrane er utanfor rattkransen. Dét tyder på at han har køyrt traktor før og fått ein og annan smellen i knokane frå styringa. Lært av skade.

– Guten må vere Sevrin M. Rørvik, også kjend som Kari-Søllen. Fødd 1945.

Biletet er nok frå Kari-jorda i Rørvika med Peknut og Peknutgard i bakgrunnen, meiner Karl K. Blindheim.