To og eit halvt tiår tilbake poserte desse ungdomane på ein Grizzly de luxe til ære for Sunnmørsposten sin journalist.

Pia Birgitte Tomren og Brynje Vethe var med i høvesvis Ungdommens Røde Kors og Ørskog Røde Kors. Båe leiarar, må vite.

– Røde Kors gjennomfører kvar påske ein stor innsats i fjellheimen landet over for den ressurssterke delen av folket vårt. Det er vel og bra, og det skal vi sjølvsagt halde fram med. Men dei svake gruppene, dei som aldri kjem seg ut på ski og får nyte påskesola over kvite vidder, dei vil i framtida ha like stort krav på vår hjelp. Nettopp dette vil bli den store utfordringa for Røde Kors i åra som kjem, meinte Brynje.

Han og Pia Birgitte var mellom dei mange som heldt vakt på Vaksvikfjellet dette året.

Vethe tok til orde for at raudekrossen sin ledige kapasitet måtte pensast over på eit anna spor, nemleg desse «nye» brukargruppene han snakka om.

– Difor bør vi sjå fordomsfritt på arbeidet vårt og prøve å få til eit samarbeid med andre delar av Røde Kors som driv på det meir humanitære plan.

Då tenkjer eg først og fremst på Besøkstenesta og Barnehjelpa, la hjelpekorpsleiaren frå Ørskog til.

Ved inngangen til nittåra var avisene fulle av artiklar om trong for medmenneskeleg innsats overfor svake og utsette.

– Pågangen hjå kontakttelefonane som Røde Kors driv er eit talande døme på dette, la Brynje Vethe til.

Men slutte med vakt på påskefjellet? Aldri.