Det er slett ikkje sikkert at tiårbildet av i dag har vore på trykk før. Då opninga stod på som verst i avisspaltene, handla det helst om å bringe vidare kva spissane tykte og tala.

Vi har fått høyre sjølvopplevde historier om liding i vind og kulde 7. juni 1958: Medan dignitærane ytra seg lenge og vel frå talarstolen, stod Nørvøy Skoles Guttemusikkorps og Aspøy Skole Guttemusikkorps der.

Dei fraus. Og fraus endå meir.

Framfor stortromma i venstre kant står Berthel Pettersen med trombonen. No i denne påska runda han 75 år. Jubilanten er framleis særs aktiv som musikar òg.

Medan vi har med trombonistar å gjere: Neste aspøyguten bortover mot høgre er Elias Rasmussen.

Trombonist nummer fire frå høgre KAN vere Lars Johan Huse. Like aktiv enno. Han runda sju tiår i påska. Det er såleis på sin plass å gratulere båe «bursdagsbarna» så mykje.

Bjarne Skarbøvik tok seg truleg opp i tårnet for å få kontroll over alle dei pent oppstilte musikarane. Einaste høne i denne hane-korga var Aspøy sin tamburmajor. Nokre år etter kom heldigvis jentene med for fullt.

Og no kjem mai – «du skjønne milde». Hurra!