Vi finst ikkje korkje hårsåre eller hemngjerrige, endå det har kome oss for øyre at Sunnmørsposten ei tid har tevla med fylkesrådmannen om topp-plasseringa som sjølvaste hatobjektet på Nordøyane.

Dette skal visstnok botne i eitkvart tolka som eit slags vagt fråver av entusiasme rundt somme reknestykke. Eller noko i den duren.

Vi vel å forlate storpolitikken som vi likevel aldri vil forstå, og søkjer attende til sekstitalet.

«Eira» er fullasta og bakkar straks ut frå Skjelten ein skitversdag. Ferjeruta opna i 1963.

Det er ikkje sikkert han vil om bord, heller. Ser det ikkje ut som om vedkomande akkederer med føraren av vareruta?

Bagasjelokket er ope. Jo, dei utvekslar truleg sendegods. Skodaen er ein 1202, som er å få kjøpe mellom 1961 og 1973.

Volvobussen psykar oss ut ei heil lita rid. «KG» som reiarlag?

Ein telefon til Tor Sindre Grønningsæter i Rutebilhistorisk held ofte i slike tvilstilfelle: Kåre Gjerde driv Lepsøyruta frå 1963 til innpå tidleg syttital.