Nordapå prøver morosame guidar å lure tyskarane til å tru det er dasspapir til elgen.

Desse matpakkane som gardbrukarane gøymer unna for buskapen til vinteren tok over for både hesjing og silo.

Tida går, utan at vi tenkjer særleg over fenomenet. Brått har denne måten å drive på blitt både tre og fire tiår gamal.

Vi kan lite på avisa Nationen, for dei har greie på landbruk. Der står det å lese at teknikken kom på syttitalet, og vart teken i bruk for alvor utover i åttiåra.

Tiårbildet vårt er nokså nøyaktig 25 år gamalt. Desse tre generasjonane stod på trykk midt i hoslåtten 15. august 1992.

«Det gjeld å slå til medan det er opphald mellom regnbygene», fortalde gardbrukaren Nils Slyngstad frå traktoren.

Til hjelp hadde han svigerdottera Elin og sonesonen Folke. Tretten somrar dette året.

Sistnemnde var visst berre måteleg engasjert, forstår vi på skrivestykket:

«Rundball-pakking er kjedeleg arbeid».

Han og mora hadde jobben med å tre dei store kvite plastsekkane over grasballane, og tette godt føre opninga med streng.

Dei to hadde visst lagt seg til ein effektiv teknikk slik at rundballen var ferdig pakka i god tid til Nils kom med ein ny.

«Folke er så stor no at han greier dette arbeidet, og då må han ta i eit tak», meinte mora.

I 2017 snurrar maskinene inn grasballane sjølve. Ja, det er mest som reine drill-oppvisinga å sjå til rundt om på markane.