«Først med el-bil» stod det å lese i bladet frå 6. desember 1992.

«El-bilen er på veg inn som bruksbil på Sunnmøre. Denne veka fekk Hareid Elektriske på Hareid den første bilen i sitt slag i distriktet – ein liten, kvit, dansk bil som har «driftsutgifter» på 70 øre pr. mil!».

Klart slik rimeleg skyss var attraktiv på Sunnmøre.

Den vesle danske farkosten var god for 70 kilometer i timen. Den heitte då til overmål el-Jet, må vite. Farta var ti km/t over det lovlege i nedste delen av Hareidsdalen, der kollega Ove Rødal fekk prøvekøyre hendelset etter vegen.

Testpiloten kunne melde om mange forundra blikk og litt overberande smil.

«Dei er naturleg nok nyfikne no i byrjinga. Dette er heilt nytt; å sjå ein bil som omtrent er lydlaus.

Lampettleidninga rett i veggen og seks små timar etter kunne ein rulle ut på nytt.

Men første el-bil? Vi har då sett annonser frå ingeniør Lenes i Ålesund under krigen?

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.