Inge Fænn, Sunnmørsposten sin mann i indre fjordstrok, tok ein tur på buda til Svein Nesje.

Det hende om lag på denne årstida for eit kvart hundre år sidan. Høvet var at kremmaren hadde fått inn på tunet sværandes nytt utstyr: Siste skrik i datagreier som gjorde det råd å somle heilt inn mot tidsfristen der sør i breidbygda Hamar på Hedmarken.

– I tillegg til meg sjølv er det liknande tilbod i Olden, to på Nordfjordeid, ein på Bryggja og to i Måløy», kunne Nesje fortelje.

Takk vere dette framskrittet kunne folket krote på kupongar og kose seg mykje lenger enn før. Så sant dei leverte ein time innan kampstart, var dei med på moroa. Halv tre, laurdagane i Stryn.

Fænn let Per J. Sætre vere konsulent og test-tippar.

Vi forstår såpass at dette fungerte heilt strålande.

«No kan det ikkje oppstå krangel om tapte postsekkar. Dataterminalen har lese av opplysningane ein gong for alle», stod det å lese i 1992.

Vi òg tenkjer på spel når vi ser Svein Nesje. Men då helst felespel i finaste klassen.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.