– I 1958 vart bruk av not etter torsk i Lofoten forbode, og notbruket dermed verdlaust. Tanken vart fostra at ein skulle nytte nøtene til å fange størje utanfor Vest-Afrika, fortel Elias Vågnes.

Vinteren 1960–1961 kom sju fiskebåtar med «Caribia» som moderskip til feltet. «Caribia» skulle fryse og frakte fisken til Puerto Rico der kjøparen Chicken of the Sea hadde stor hermetikkfabrikk.

Finn Devold dirigerte frå «Johan Hjort» og båtane fiska med not og flyteliner. Hovudbasen hadde vi i Dakar. Før vi gjekk frå Ålesund vart vi fortalt at vi skulle til jomfruelege felt så stappfulle at vi kunne laste med langtroe (klepp).

Om bord på «Longva», M52H, gjorde vi eit kast med nota. Vi fekk mengder not på snurpelina av stålwire, store skader og måtte mantle nota inn på dekk.

På feltet kom det bod om at bestmann Osvald Langva omgåande måtte ta ei resus-prøve. Vi gjekk eins erend til Monrovia, hovudstaden i Liberia.

Resus-prøve var inga enkel sak. Saman med den norske konsulen støva eg og Osvald gjennom det som var av sjukehus og klinikkar i to heile dagar utan å lukkast. Redninga vart ei sveitsisk sjukesyster som var gift med president Tubman sin livlege.

Dårleg planlegging og kunnskapsmangel rundt fiske utanfor Vest-Afrika gjorde ekspedisjonen til ein fiasko, oppsummerer Elias Vågnes.

Vi ser han til høgre her, i lag med ein velvaksen seilfisk.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.