Det får vel vere greitt nok, dét, men då får dei også akseptere nederlaget og ta det som tapre kvendi og karar.

Synet av kvitskjorter og sløyfer på herrane i UL Ivar Aasen fekk sykkylvingane til å pirte byfolket med at dei der inne stilte i fullverdige bunader lengje før kameratane frå Ålesund.

Og så vakkert er denne spalta innretta at det eine bildet tek det andre, så å seie.

– Utan at eg veit det sikkert, var det kan hende ikkje så vanleg med bunad for herrane i åra rett etter andre verdskrigen, seier Jan Ove Bakke.

Det er han som kom med Ivar Aasen-motivet frå tidleg femtital – og som no har drage til torgs eit mykje eldre fotografi.

UL Ivar Aasen vart skipa i unionsoppløysingsåret 1905, og tiårbildet i dag er tre år yngre: 1908. Eit 110-årsminne!

– Ja, diverre må eg nok skuffe sykkylvingane med at også karane hadde bunad i leikarringen den gongen, fortel Bakke.

Midt i motivet står dessutan sjølvaste Hulda Garborg. Ho var i Aalesund for å halde kurs, peikar Jan Ove på.

Det skal noko til for å overgå alt dette, vil vi meine. Men vi ryddar naturlegvis raust spalteplass viss einkvan likevel kan tenkje seg å prøve.

– Vi ser at alle har bunad frå sine delar av landet, legg bildeutlånaren til.

Sitjande frå venstre har vi Holme, Ingeb. Hana, Petrine Stafset, M. Aarsæther, A. S. Monsen.

Ståande frå venstre ser vi J. Hjelmeland, A. Øverås, Gjørven, før nemnde Hulda Garborg, Ommedal og Bjørhovde.