Før om åra var visst dette eit syn som kunne skodast ein og annan gongen. Endå det var lengje før GPS-en sende godtruande og ikkje direkte lokalkjende sjåførar langt inn på snaufjellet – eller ut i anna smalspora ulukke.

«Kjempar for tunnel ned til Hellesylt» var tittelen til dette arkivbildet frå 1992. Det stod på trykk i desse dagar for to og eit halvt tiår sidan.

«Den kronglete nedkøyrsla frå Riksveg 60 til Hellesylt skal utbetrast og Stranda kommune kjempar med nebb og klo for å få ei tunnelløysing inn i vegplanen 1994 – 1997», stod det å lese vidare.

«Vegkontoret i Møre og Romsdal har arbeidd med rimelegare vegløysingar, men på møtet i går var i alle fall semje om å sjå bort frå den billegaste og dårlegaste løysinga – nemleg ein vegtrasé som no og med ei utviding av den vanskelege Bedehussvingen.

Dermed vil vegen – anten han går i tunnel eller ikkje – gå rett fram i svingen og kome ned på sletta mellom trykkeriet og A/S Formvac – slik reguleringsplanen også legg opp til, seier Stranda-ordførar Anne Lise Lunde».

«Kommunen står hardt på for å få nedkøyrsla i tunnel. Dette alternativet vil koste rundt 15 millionar kroner, meiner Vegkontoret.

Ei løysing der vegen går beint fram frå Bedehussvingen og ned blir billegare, men har også fleire ulemper. Stranda kommune vil no stå på for å påverke vegstyresmaktene og dei folkevalde før stortingsbehandlinga, seier ordførar Anne Lise Lunde».

Dei vann til alt hell fram: Ferdahol vart sprengt og lukka total i den vesle turistbygda.

I ei tid kor det lanserast eine fjøre-aksen etter den andre i luftige skisser, må storbilkuskane ratte varene våre langs dei same gamle geiteråsene.

Å utbetre eksport- og importvegane sit visst langt inne. Det er sikkert ikkje sexy nok for dei folkevalde av i dag.