Statsministeren er sjukemeld, så kongen sjølv tar på seg boblejakka og kjem.

Ein stolpe i Auregeila er knekt, men lyset er sterkare enn vinden. Huset er bygt i 1888 og sparebanken og kommuneadministrasjonen heldt til her fram til 1909. Då bygde banken teglsteinshuset på Lykkja, fortel Per Arne Grebstad.

– Der plukka Kristian Bjørhus personleg ut klinkert – halvbrend stein – til bankbygget.

Aure teglverk var det eldste industritiltaket i Møre og Romsdal. Dei leverte mellom anna takstein til Hjørundfjord kyrkje i 1830 og klinkert til jugendhusa. Mest til skorsteinane, veit Grebstad å fortelje.

Verket la ned hausten 1910.

Men denne gamle stova i Auregeila fekk altså oppleve eitt og hitt.

– Høg og låg trakka ned dørstokkane til kjellaren. Og amtmand Alexander Kielland inspiserte kommunerekneskapane. Men ungjentene nekta å servere han! Ei myndig dame gjekk då ut og bad fylkesmannen konsentrere seg om middagen.

Litt tidleg «#meetoo» der, med andre ord. Skulle ha vore i dag?

– Også Johan Falkberget var innom, på leit etter stoff til avisa si, Nybrott, legg Per Arne til.

Apropos kong Harald i boblejakke og slagstøvlar: Dagbladet var rampete då dei skreiv «kongen til høyre» oppunder eit foto med han og vanylvsordførar Jon Aasen. Sistnemnde i slips, lys trenchcoat og småsko ...